Luksuscruise og geiteperler


Nærøyfjorden trang og smal,-

ikkje langt frå Undredal,

djup med høge fjell som ruvar,-

laksen sprett og fossen durar her.


Skip frå mange land kjem hit.

Turistane flyg hit og dit.

I bukse, skjørt, vest og jakka

vinkar dei til folk på Bakka. Hey !

( Her simulerer, som ein høyrer, blåsarane skipsfløyta til eit stort skip. ).


Kobben, han vert heilt forskrekka

av alle som ligg over rekka.

Dykkar seg i fjorden ned,-

om nokre månar vert det fred.



Instrumental


Eg set på Beitel’ og nyt ei skjeva

med brimost på,- er godt å leva.

I koppen har eg kaffe med fløyte

Ut fjorden fér ei fiskeskøyte heim.


Lettskya vér med ein bris frå sør,

ber med seg herleg duft av støl.

Langt borte kling det kjent i bjeller,

og rundt meg ligg det geiteperler



Eg reiser meg og ruslar langs vegen

til robåten min som ligg under Stegen.

Her er eg langt borte frå storbylarmen,-

i perla midt i verdensarven.